torsdag 23. august 2012

Opptaksprøve

Torsdag 26. juli blei det avholdt opptaksprøve for nye medlemmar i Trådsnellene. Ellisiv, Renate og Ann-Helen hadde meldt seg opp til eksamenen denne dagen, og var tydeleg nervøse då dei møtte opp i klobblokala på Holane. Dei skulle gjennom både ei teoretisk og ei praktisk prøve, som begge måtte vere bestått, for å bli tekne opp som fullverdige medlemmar av klobben.

Den teoretiske delen tok føre seg teoriane bak handarbeid, historisk utvikling fram til i dag og dei ulike teknikkane, medan den praktiske delen skulle teste kandidatane si forståing av teorien og deira kreative evne.


Det viste seg raskt at ikkje alle kandidatane kom like godt forberedt....


...mens andre hadde gjort seg flid med lesinga på førehand og syntest dette var latterleg enkelt!


Då teoridelen var bestått av alle kandidatane (!) gjenstod berre den praktiske delen før medlemsskapet kunne innkasserast. Under denne delen oppstod det imidlertid problemer, då ein av kandidatane fekk utdelt ein tråd som ikkje eigna seg til pinnen...ifølgje ho sjølv.

Også her kom enkelte av kandidatane uforberedt, og frustrasjonen breidde seg raskt då dei skulle legge opp maskar til strikking. Nokon hadde ikkje tatt i eit strikk sidan barneskulen og lurte difor oppgitt på om: "Når ej legge opp må ej bruke pinnane eller kan ej berre bruke henda?"....etter å ha knota med den første maska i 13 min...!


Det heile toppa seg etter vel ein halvtime då ein av dei plutseleg utbraut: "Ej forstår ikkje kaffor ditte ska vere kjekt, vi snakkakje i det heile tatt!"... då hadde dei to andre kandidatane vore så konsentrerte og oppslukte i sitt arbeid, at dei heilt hadde gløymt og prate med kvarandre undervegs.



(Varierande) Resultat frå den praktiske delen:




Konkurranse: Kven har laga kva?

Etter at Linn hadde gått gjennom dei ulike arbeida, viste det seg at 2 av kandidatane BESTOD opptaksprøva med glans. Den siste kandidaten fekk "midlertidig godkjent" sitt arbeid, då ein IOP søknad for vedkomande er under behandling.

3 stk nye medlemsskap blei difor delt ut til 3 stk letta og glade Trådsneller! Gratulerer!

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar