mandag 22. oktober 2012

Kven skulle tru?


Ja, kven skulle tru at denne fine dåpskjolen er heimehekla?!?! 

Ei av trådsnellene har den siste tida holdt på med eit hemmeleg prosjekt - og jammen meg klarte ho å bli ferdig til den store dagen 7. oktober!!! Intens hekling 24 timar i døgnet, 5 dagar i veka dei siste 4 månadane resulterte i denne kreasjonen;




Puhhhh...no blir det ikkje hekling på ei stund. Hello strikkepinnar!!!!:)


For dei spesielt interesserte har eg brukt "Gjestal Eng 102" (Art.nr.2255) i fargen eng hvit. Detter er ein 100% bomullstråd, og ein får kjøpt nøster på 50g. Eg brukte ca 7 nøster på denne dåpskjolen. Heklenål: 1.25/1.50.