mandag 22. oktober 2012

Kven skulle tru?


Ja, kven skulle tru at denne fine dåpskjolen er heimehekla?!?! 

Ei av trådsnellene har den siste tida holdt på med eit hemmeleg prosjekt - og jammen meg klarte ho å bli ferdig til den store dagen 7. oktober!!! Intens hekling 24 timar i døgnet, 5 dagar i veka dei siste 4 månadane resulterte i denne kreasjonen;




Puhhhh...no blir det ikkje hekling på ei stund. Hello strikkepinnar!!!!:)


For dei spesielt interesserte har eg brukt "Gjestal Eng 102" (Art.nr.2255) i fargen eng hvit. Detter er ein 100% bomullstråd, og ein får kjøpt nøster på 50g. Eg brukte ca 7 nøster på denne dåpskjolen. Heklenål: 1.25/1.50.





fredag 21. september 2012

VI HAR EIN VINNAR!!!

FOR ein respons på konkurransa!! Vi har fått inn fleire hundre e-postar med utallige forslag, deriblant:  penisfutteral, dildo, rytmeinstrument, massasjestav og dorollholdar. Meeeen det rette svaret e altso en:

GIRAFF  




..og den som trakk det lengste strået og var først ute med korrekt svar var;                                                      

BODIL SUNDGOT

TRÅDSNELLENE GRATULERER!!!!!!!


Ei fin premie ventar i posten til deg!:) Send adressa di på mail, så skal vi få overlevert gevinsten!


torsdag 20. september 2012

Konkurranse

Lesarar, følgjarar, fæns og stalkers; det er på tide med ei konkurranse! Under ser de bilete av noko eine Trådsnella held på å lage, men kva skal det til slutt bli?




Svar kan sendast til traadsnellene@gmail.com, og den med først rett forslag vinn ei FIN premie!
Vinnaren blir sjølvsagt annonsert her på bloggen.

torsdag 23. august 2012

Opptaksprøve

Torsdag 26. juli blei det avholdt opptaksprøve for nye medlemmar i Trådsnellene. Ellisiv, Renate og Ann-Helen hadde meldt seg opp til eksamenen denne dagen, og var tydeleg nervøse då dei møtte opp i klobblokala på Holane. Dei skulle gjennom både ei teoretisk og ei praktisk prøve, som begge måtte vere bestått, for å bli tekne opp som fullverdige medlemmar av klobben.

Den teoretiske delen tok føre seg teoriane bak handarbeid, historisk utvikling fram til i dag og dei ulike teknikkane, medan den praktiske delen skulle teste kandidatane si forståing av teorien og deira kreative evne.


Det viste seg raskt at ikkje alle kandidatane kom like godt forberedt....


...mens andre hadde gjort seg flid med lesinga på førehand og syntest dette var latterleg enkelt!


Då teoridelen var bestått av alle kandidatane (!) gjenstod berre den praktiske delen før medlemsskapet kunne innkasserast. Under denne delen oppstod det imidlertid problemer, då ein av kandidatane fekk utdelt ein tråd som ikkje eigna seg til pinnen...ifølgje ho sjølv.

Også her kom enkelte av kandidatane uforberedt, og frustrasjonen breidde seg raskt då dei skulle legge opp maskar til strikking. Nokon hadde ikkje tatt i eit strikk sidan barneskulen og lurte difor oppgitt på om: "Når ej legge opp må ej bruke pinnane eller kan ej berre bruke henda?"....etter å ha knota med den første maska i 13 min...!


Det heile toppa seg etter vel ein halvtime då ein av dei plutseleg utbraut: "Ej forstår ikkje kaffor ditte ska vere kjekt, vi snakkakje i det heile tatt!"... då hadde dei to andre kandidatane vore så konsentrerte og oppslukte i sitt arbeid, at dei heilt hadde gløymt og prate med kvarandre undervegs.



(Varierande) Resultat frå den praktiske delen:




Konkurranse: Kven har laga kva?

Etter at Linn hadde gått gjennom dei ulike arbeida, viste det seg at 2 av kandidatane BESTOD opptaksprøva med glans. Den siste kandidaten fekk "midlertidig godkjent" sitt arbeid, då ein IOP søknad for vedkomande er under behandling.

3 stk nye medlemsskap blei difor delt ut til 3 stk letta og glade Trådsneller! Gratulerer!

 


fredag 20. juli 2012

Første klobbkveld

Torsdag denne veka var det klart for årets første Trådsnellesamling for ikkje-ferierande trådsneller. Hekling av elefant stod på agendaen, noko som viste seg å vere svært utfordrande (og uoverkomeleg) for enklete av trådsnellene.




                     













For nokon låg hekling meir naturleg i handlaget enn for andre, og utgangspunkta var difor svært ulike. Alt frå nybyrjarar til proffar var samla i sofaen. Første hinder oppstod allereie då forkortingar i oppskrifta skulle tolkast. "Ka lm stende for Dagny? Luremmus?? Kor ej hekla 7 luremuse?!"







 Dagny var kveldens støttande stillas i form av pedagogisk veiledning, hjelp og støtte. Hennar filosofi var "learning by doing", slik at alle måtte pent hekle sine eigne masker medan ho viste og forklarte på eige hekl.



 Elefanten blei hekla på pinne 3.0 mm med Drops safran bomullstråd i valgfri farge. Oppskrifta er henta frå boka "Hekla kosedyr", som kan kjøpast hos dei fleste bokhandlarar.



Alle handarbeidentusiastar veit at hekleing tek på både fysisk og psyksisk, og det var sjølvsagt lagt inn ei matykt denne kvelden. Frisk fruktsalat a la Hareid med sommarens utvalgte frukter, nydelige og smakfulle Linn-snorra og ein varm kopp te blei servert,



Etter at blodsukkeret hadde fått seg ein boost var det på`n igjen med hekling. Linn hadde fått i seg så mykje energi at ho på eit blunk hadde hekla seg 2-3 snablar...vel og merke i ulike størrelsar, men ingen er vel perfekt i elefantverdenen heller?!


 Etter 5 timar med intens hekling og varierande resultat avslutta trådsnellene klobbkvelden som perlevenner. Håper på at "hekling av elefant" har inspirert fleire av våre handarbeidmedsøstrer der ute til å børste støv av heklepinnen og maske i veg!





 

Offisiell opning av blogg!

Herved erklæra vi "Trådsnellene blogg" for opna!