For nokon låg hekling meir naturleg i handlaget enn for andre, og utgangspunkta var difor svært ulike. Alt frå nybyrjarar til proffar var samla i sofaen. Første hinder oppstod allereie då forkortingar i oppskrifta skulle tolkast. "Ka lm stende for Dagny? Luremmus?? Kor ej hekla 7 luremuse?!"
Dagny var kveldens støttande stillas i form av pedagogisk veiledning, hjelp og støtte. Hennar filosofi var "learning by doing", slik at alle måtte pent hekle sine eigne masker medan ho viste og forklarte på eige hekl.
Elefanten blei hekla på pinne 3.0 mm med Drops safran bomullstråd i valgfri farge. Oppskrifta er henta frå boka "Hekla kosedyr", som kan kjøpast hos dei fleste bokhandlarar.
Alle handarbeidentusiastar veit at hekleing tek på både fysisk og psyksisk, og det var sjølvsagt lagt inn ei matykt denne kvelden. Frisk fruktsalat a la Hareid med sommarens utvalgte frukter, nydelige og smakfulle Linn-snorra og ein varm kopp te blei servert,
Etter at blodsukkeret hadde fått seg ein boost var det på`n igjen med hekling. Linn hadde fått i seg så mykje energi at ho på eit blunk hadde hekla seg 2-3 snablar...vel og merke i ulike størrelsar, men ingen er vel perfekt i elefantverdenen heller?!