fredag 20. juli 2012

Første klobbkveld

Torsdag denne veka var det klart for årets første Trådsnellesamling for ikkje-ferierande trådsneller. Hekling av elefant stod på agendaen, noko som viste seg å vere svært utfordrande (og uoverkomeleg) for enklete av trådsnellene.




                     













For nokon låg hekling meir naturleg i handlaget enn for andre, og utgangspunkta var difor svært ulike. Alt frå nybyrjarar til proffar var samla i sofaen. Første hinder oppstod allereie då forkortingar i oppskrifta skulle tolkast. "Ka lm stende for Dagny? Luremmus?? Kor ej hekla 7 luremuse?!"







 Dagny var kveldens støttande stillas i form av pedagogisk veiledning, hjelp og støtte. Hennar filosofi var "learning by doing", slik at alle måtte pent hekle sine eigne masker medan ho viste og forklarte på eige hekl.



 Elefanten blei hekla på pinne 3.0 mm med Drops safran bomullstråd i valgfri farge. Oppskrifta er henta frå boka "Hekla kosedyr", som kan kjøpast hos dei fleste bokhandlarar.



Alle handarbeidentusiastar veit at hekleing tek på både fysisk og psyksisk, og det var sjølvsagt lagt inn ei matykt denne kvelden. Frisk fruktsalat a la Hareid med sommarens utvalgte frukter, nydelige og smakfulle Linn-snorra og ein varm kopp te blei servert,



Etter at blodsukkeret hadde fått seg ein boost var det på`n igjen med hekling. Linn hadde fått i seg så mykje energi at ho på eit blunk hadde hekla seg 2-3 snablar...vel og merke i ulike størrelsar, men ingen er vel perfekt i elefantverdenen heller?!


 Etter 5 timar med intens hekling og varierande resultat avslutta trådsnellene klobbkvelden som perlevenner. Håper på at "hekling av elefant" har inspirert fleire av våre handarbeidmedsøstrer der ute til å børste støv av heklepinnen og maske i veg!





 

Offisiell opning av blogg!

Herved erklæra vi "Trådsnellene blogg" for opna!